FISHING FOR HERRING – DOCUMENTARY

Project Info

Project Description

I mange hundre år har sildefiske vore tradisjon og levebrød langs heile kysten. Generasjon etter generasjon har opplevd eit kokande hav når silda står stinn i nota.
Det er februar og silda er på gytevandring sørover mot Vestlandet. Den skaper grunnlaget for ein levande kyst, der både menneske, kval og sjøfugl nyt godt av den vinterfeite silda.
Vi er med om bord på fiskebåten Hillersøy. Det vi opplever som eit eventyr, er kvardag for mannskapet om bord.